Former and upcoming events at Rangøya International Cultural Centre (in Norwegian and/or the language of the event).

Utstilling: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi
Kadri Roosi (f. 1975) er frå Nõmme, ein idyllisk forstad til Estlands hovudstad Estland. Ho har illustrert barneboka «Adam si eiga øy» av Veronika Kivisilla som kom ut på norsk i samband med Kulturhelga Havglimt. I juli står originalillustrasjonane ustilt ved kantina i kommunehuset på Bruhagen. Ustillinga er open i bibliotekets opningstider fram til 23.07.2026.

Estland, Rangøya, Sisikond
Øyvind Rangøy er den einaste nordmannen som er estisk-filolog. Han er også master i nynorsk skriftkultur. I 2019 fekk han den estiske debutantprisen for si første diktsamlinga Sisikond – skriven på estisk. Først to år seinare debuterte han i Noreg med diktsamlinga Dødsbu.
Denne kulturkvelden gir han oss eit møte med Estland og sin veg inn i det estiske – og om heile vegen tilbake til Rangøya for å starte kultursenter.
I ekte Lynghaugånd blir det åresal og enkel servering etter føredraget. Dikt blir det også!
Vel møtt!

Utstillingsopning: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi
Kadri Roosi (f. 1975) er frå Nõmme, ein idyllisk forstad til Estlands hovudstad Estland. Ho har illustrert barneboka «Adam si eiga øy» av Veronika Kivisilla som kom ut på norsk i samband med Kulturhelga Havglimt. I juli står originalillustrasjonane ustilt ved kantina i kommunehuset på Bruhagen. Under opningsarrangement vil vi også få sjå hennar samling av keramiske fliser «dyrehage på øya» som fram til den tid står utstilt på Rangøya.
Vel møtt til høgtidleg utstillingsopning!
Sjå også: https://www.averoy.kommune.no/aktuelt/velkommen-til-utstillingsopning-adam-si-eiga-oy-illustrasjonar-av-kadri-roosi.9875.aspx

Midtsommarkino: «Ørken» av Kadri Kõusaar
Om filmen: Kõrb (est.) / Deserted (eng.), Estland/Sverige/Finland 2021, 92 minutt
Under eit oppdrag på Sinai-kysten blir den svenske fotoreportaren Ingrid (Frida Westerdahl) bortført av ein gjeng palestinske menn og halden som gissel i ørkenen. Der forelskar ho seg med den mest sympatiske av kinapparane, Ali (Ali Suliman). Sjefen Moussa (Firas Taybeh) forstår at noko er på gang og blir stadig farlegare. «Ørken» er ein film om kjærleik langt ute i ørkenen og om kva som betyr noko.
Kadri Kõusaar er regissør og manusforfattar frå Estland og er i juni på Rangøya for å skrive. Etter filmen får vi møte filmskaparen til ein samtale, med høve til spørsmål frå publikum.

Transatlantisk aften: Leonard Schwartz, Taylor Strickland, Endre Ruset og Øyvind Rangøy
Leonard Schwartz er anerkjent poet og tidlegare radiovert frå New York og bur både ved Stillehavs- og Atlanterhavskysten. Hans prislønte kollega Taylor Strickland bur og arbeider i Skottland, mellom ikkje minst med gælisk, men er opphaveleg frå Florida.
Maigjestene møter to nordmenn: bokaktuelle og internasjonalt aktive Endre Ruset og Øyvind Rangøy som sjølv brukte mai månad på å reise USAs stillehavskyst frå Mexico til Canada.
Arrangementet er gratis, bidrag til senteret er velkomne.

Under tamarinden: eventyr og legender frå Madagaskar
I 1877 gav misjonæren Lars Dahle ut ei samling eventyr og legender frå Madagaskar – på gassisk. Boka gjekk i arv gjennom to generasjonar og endte opp hos forfattar og misjonærbarn Fartein Horgar.
I 2024 tok han med boka tilbake til Madagaskar og gav henne til barndomsvenen Benja, som han ikkje hadde sett på 63 år. Saman omsette dei boka til norsk – og no er «Under tamarinden» ute på Solum Bokvennen.
Velkommen til eit eventyrleg møte med Fartein Horgar og ei unik norsk-gassisk kulturbru!

Ein to-tre bamsar på Løa
Jaan Pehk er artist, humorist, poet og gitarist viden kjent i Estland for sine korte og smått absurde songtekstar. Sidan han syng på estisk, blir det norsk teksting. Odd Arne Halaas er artigkar, silkesongar og trekkspelspesialist med traktorerfaring. Og så byr han på ønskjekonsert. Når dei møter Øyvind Rangøy på Løa, veit du aldri heilt kva som skjer. Men kaffi blir det.
Alle er velkomne. Velkomne er også bidrag på 200,- (Vipps 912784).
