Events

Former and upcoming events at Rangøya International Cultural Centre (in Norwegian and/or the language of the event).


Poesipub på Håholmen

Poesipub på Håholmen

25.09.2026 kl. 20:00–22:00
Håholmen 1
Festival og markedMat / drikke og utelivKonserterLitteratur

Kom til avslutninga av Håfest på Håholmen og opplev ein uvanleg poesipub på Silver Bell fredag 25. september frå klokka 20:00 – etter å ha sett kunstinstallasjonane som set farge på holmen.
Asko Künnap kjem heilt frå Estland og viser at han er meir enn grafisk kunstnar – han er også poet og ei djup røyst som må erfarast.
Hallvar Djupvik er tenor og multimusikar og løftar den allereie magiske kvelden med nye dimensjonar.
Endre Ruset og Øyvind Rangøy leier kvelden og bidrar også med eigen kortreist poesi. Og ikkje nok med det: det er open mikrofon med sjansar for uannonserte overraskingar!
Dagspasset til Håfest inkluderer også visning av filmen Havfolket, og DJ / LAüGET etter poesiarrangementet. Arrangementet er også ein del av arrangementsserien Ordskjera.
Kjøp dagspass 300 kroner på håfest.no. Det går båt minst ein gong i timen frå Geitøya på Atlanterhavsveien, inkludert i billetten!

Håfest

Håfest

  • 25.09.2026 kl. 11:00–01:30
  • 24.09.2026 kl. 11:00–22:00
  • 23.09.2026 kl. 11:00–22:00
  • 22.09.2026 kl. 11:00–22:00
  • 21.09.2026 kl. 11:00–22:00
  • 20.09.2026 kl. 11:00–22:00
  • 19.09.2026 kl. 11:00–01:30
  • 18.09.2026 kl. 16:00–01:30

Håholmen 1
Festival og markedMat / drikke og utelivKonserterKunst og historieformidlingFilm og kinoLitteratur

Håfest er en tverrfaglig kulturfestival som finner sted på Håholmen ved Atlanterhavsvegen (med båttransport fra Geitøya). Her møtes visuell kunst, lys, lyd og musikk i direkte dialog med kystlandskapet — et sted der historisk arkitektur omgis av åpent hav, og hvor vær, lys og natur blir en del av kunstopplevelsen.

Festivalen samler profesjonelle kunstnere og unge, uetablerte aktører i en felles produksjon. Elever fra videregående skole arbeider side om side med etablerte kunstnere og musikere, og får reell erfaring med profesjonell kunstproduksjon. Slik bygger Håfest bro mellom generasjoner og fagfelt, og styrker rekrutteringen til kulturlivet i regionen. Formålet er å skape en arena der profesjonell samtidskunst møter regionens mest ikoniske natur.

Festivalprogrammet byr på et bredt utvalg av kunst, musikk, litteratur og film over en hel uke og med to fullspekkede helger. Ta deg en spennende weekend med venner eller en dagstur med familien!

«My Voice is my Home» – møte med Mahsa Vahdat

«My Voice is my Home» – møte med Mahsa Vahdat

06.09.2026 kl. 16:00–17:30
Rangøyveien 412
KunnskapKonserterKunst og historieformidlingLitteratur

Mahsa Vahdat er blant Irans mest anerkjente vokale kunstnarar, kjent for sterke, personlige tolkningar av persisk sangtradisjon og poesi. Gjennom eit langt internasjonalt virke har ho gitt stemme til kvinners erfaringar i møte med undertrykking, sensur og eksil.

Mahsa fortel, les og syng på persisk og engelsk frå si rike karriere – med stemma som heim. Vel møtt til Løa på Rangøya søndag 6. september klokka 16.00!

Ordskjera er ein arrangementsserie koordinert av Rangøya Internasjonale kultursenter og Averøy Bibliotek og støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Arrangementet er eit samarbeid med Bjørnsonfestivalen. Foto: Tahmineh Monzavi.

Poeter i den store hytta:  Endre Ruset og Harry Man

Poeter i den store hytta: Endre Ruset og Harry Man

22.08.2026 kl. 19:00–20:30
Rangøyveien 412
Kunst og historieformidlingLitteratur

Møt den engelske poeten Harry Man i samtale med Endre Ruset på Rangøya Internasjonale kultursenter lørdag 22. august kl. 19.00. Det blir verdenspremiere på hans dikt i utval på norsk "Nattmeditasjon for søvnløse fugler på de Britiske øyer" (oversatt av Endre Ruset).

Harry Man (f. 1982, bosatt i Stockton-on-Tees) er en av Englands mest toneangivende poeter og diktene og oversettelsene hans har vunnet en rekke nasjonale og internasjonale priser. Dette blir den kanskje den største poetiske hendelsen som involverer en sør-engelsk og en romsdalsk samtidspoet på samme scene på Nordvestlandet, på over hundre år. En kveld for historiebøkene, med andre ord.

Arrangementet er gratis. Velkommen!

Manus med Dramas

Manus med Dramas

13.08.2026 kl. 15:30–17:00
Rangøyveien 412
Sosialt og frivillighetScenekunstLitteratur

En gjeng mennesker. Et rom. Et manus fra basen til Dramas. Vi setter oss i en sirkel og fordeler roller til de som ønsker å lese. Resten lytter. Lave skuldre. Ingen forberedelser. Bare et lite lyttende stunt. Vi leser et manus fra basen til Dramas!

Arrangementet varer ca 1,5 timer og blir ledet av Hanne Ramsdal (forfatter og dramaturg ved Dramas).

Hjertelig velkommen til Manus med Dramas!

Tartu-kvinnene kjem

Tartu-kvinnene kjem

25.07.2026 kl. 18:00–20:00
Rangøyveien 412
Kunst og historieformidlingLitteratur

Tre markante stemmer frå den estiske litteraturbyen Tartu kjem til Rangøya.
Krista Ojasaar er poet og litteraturforskar ved Estlands litteraturmuseum. I hennar draumeliknande og biletrike dikt glir kvardagen over i det gåtefulle og surrealistiske.
Kristina Viin er poet, biletkunstnar og illustratør. I skjeringspunktet mellom litteratur, biletkunst og religion finn vi eit særeige poetisk uttrykk prega av undring, filosofi og visuell sensibilitet.
Reeli Reinaus har med si blanding av mysterium, folketru, historie og spenning blitt ein av Estlands mest lesne forfattarar for barn og ungdom.
Vert for samtalen er Øyvind Rangøy.

Utstilling: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi

Utstilling: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi

  • 24.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 23.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 22.07.2026 kl. 08:00–17:00
  • 21.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 20.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 17.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 16.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 15.07.2026 kl. 08:00–17:00
  • 14.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 13.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 10.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 09.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 08.07.2026 kl. 08:00–17:00
  • 07.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 06.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 03.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 02.07.2026 kl. 08:00–15:00
  • 01.07.2026 kl. 08:00–17:00

Bruvollveien 4
Kunst og historieformidlingLitteratur

Kadri Roosi (f. 1975) er frå Nõmme, ein idyllisk forstad til Estlands hovudstad Estland. Ho har illustrert barneboka «Adam si eiga øy» av Veronika Kivisilla som kom ut på norsk i samband med Kulturhelga Havglimt. I juli står originalillustrasjonane ustilt ved kantina i kommunehuset på Bruhagen. Ustillinga er open i bibliotekets opningstider fram til 23.07.2026.

Estland, Rangøya, Sisikond

Estland, Rangøya, Sisikond

22.07.2026 kl. 19:00–21:00
KunnskapSosialt og frivillighetKunst og historieformidlingLitteratur

Øyvind Rangøy er den einaste nordmannen som er estisk-filolog. Han er også master i nynorsk skriftkultur. I 2019 fekk han den estiske debutantprisen for si første diktsamlinga Sisikond – skriven på estisk. Først to år seinare debuterte han i Noreg med diktsamlinga Dødsbu.

Denne kulturkvelden gir han oss eit møte med Estland og sin veg inn i det estiske – og om heile vegen tilbake til Rangøya for å starte kultursenter. 

I ekte Lynghaugånd blir det åresal og enkel servering etter føredraget. Dikt blir det også!

Vel møtt!


Utstillingsopning: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi

Utstillingsopning: «Adam si eiga øy» – illustrasjonar av Kadri Roosi

29.06.2026 kl. 17:00–19:00
Bruvollveien 4
Kunst og historieformidlingLitteratur

Kadri Roosi (f. 1975) er frå Nõmme, ein idyllisk forstad til Estlands hovudstad Estland. Ho har illustrert barneboka «Adam si eiga øy» av Veronika Kivisilla som kom ut på norsk i samband med Kulturhelga Havglimt. I juli står originalillustrasjonane ustilt ved kantina i kommunehuset på Bruhagen. Under opningsarrangement vil vi også få sjå hennar samling av keramiske fliser «dyrehage på øya» som fram til den tid står utstilt på Rangøya.

Vel møtt til høgtidleg utstillingsopning!

Sjå også: https://www.averoy.kommune.no/aktuelt/velkommen-til-utstillingsopning-adam-si-eiga-oy-illustrasjonar-av-kadri-roosi.9875.aspx

Midtsommarkino: «Ørken» av Kadri Kõusaar

Midtsommarkino: «Ørken» av Kadri Kõusaar

21.06.2026 kl. 16:00–18:30
Rangøyveien 412
Film og kinoLitteratur

Om filmen: Kõrb (est.) / Deserted (eng.), Estland/Sverige/Finland 2021, 92 minutt

Under eit oppdrag på Sinai-kysten blir den svenske fotoreportaren Ingrid (Frida Westerdahl) bortført av ein gjeng palestinske menn og halden som gissel i ørkenen. Der forelskar ho seg med den mest sympatiske av kinapparane, Ali (Ali Suliman). Sjefen Moussa (Firas Taybeh) forstår at noko er på gang og blir stadig farlegare. «Ørken» er ein film om kjærleik langt ute i ørkenen og om kva som betyr noko.

Kadri Kõusaar er regissør og manusforfattar frå Estland og er i juni på Rangøya for å skrive. Etter filmen får vi møte filmskaparen til ein samtale, med høve til spørsmål frå publikum.

Transatlantisk aften: Leonard Schwartz, Taylor Strickland, Endre Ruset og Øyvind Rangøy

Transatlantisk aften: Leonard Schwartz, Taylor Strickland, Endre Ruset og Øyvind Rangøy

27.05.2026 kl. 19:00–20:30
Bruvollveien 4
KunnskapKunst og historieformidlingReise og transportLitteratur

Leonard Schwartz er anerkjent poet og tidlegare radiovert frå New York og bur både ved Stillehavs- og Atlanterhavskysten. Hans prislønte kollega Taylor Strickland bur og arbeider i Skottland, mellom ikkje minst med gælisk, men er opphaveleg frå Florida.

Maigjestene møter to nordmenn: bokaktuelle og internasjonalt aktive Endre Ruset og Øyvind Rangøy som sjølv brukte mai månad på å reise USAs stillehavskyst frå Mexico til Canada.

Arrangementet er gratis, bidrag til senteret er velkomne.

Under tamarinden: eventyr og legender frå Madagaskar


Under tamarinden: eventyr og legender frå Madagaskar


20.05.2026 kl. 19:00–21:00
Rangøyveien 412
KunnskapKunst og historieformidlingLitteratur

I 1877 gav misjonæren Lars Dahle ut ei samling eventyr og legender frå Madagaskar – på gassisk. Boka gjekk i arv gjennom to generasjonar og endte opp hos forfattar og misjonærbarn Fartein Horgar.

I 2024 tok han med boka tilbake til Madagaskar og gav henne til barndomsvenen Benja, som han ikkje hadde sett på 63 år. Saman omsette dei boka til norsk – og no er «Under tamarinden» ute på Solum Bokvennen.

Velkommen til eit eventyrleg møte med Fartein Horgar og ei unik norsk-gassisk kulturbru!

Ein to-tre bamsar på Løa

Ein to-tre bamsar på Løa

04.04.2026 kl. 18:00–20:00
Rangøyveien 412
KonserterLitteratur

Jaan Pehk er artist, humorist, poet og gitarist viden kjent i Estland for sine korte og smått absurde songtekstar. Sidan han syng på estisk, blir det norsk teksting.
Odd Arne Halaas er artigkar, silkesongar og trekkspelspesialist med traktorerfaring. Og så byr han på ønskjekonsert.

Når dei møter Øyvind Rangøy på Løa, veit du aldri heilt kva som skjer. Men kaffi blir det.

Alle er velkomne. Velkomne er også bidrag på 200,- (Vipps 912784).