Fartein Horgar

– Kva er viktig nok til å skrive om – og korleis veit du det?

– Det var eit gigantisk spørsmål! Eg veit det jo fordi eg ikkje slepp unna det. No har eg jo skrive om veldig mange forskjellige ting. Men då eg snubla over kolonihistoria, var det fordi vi kom til St. Thomas i 2008 og såg danske gateskilt i byen. Og eg ser at dette er vår historie. Vi var her, vi var med, vi var ein norsk-dansk union. Og ingen hadde skrive om det før. Her låg det ei svær forteljing som ingen hadde gripe fatt i. Og eg er begeistra for dei store forteljingane.

– Fortel om noko som har forandra deg?

– Du har ikkje ja/nei-spørsmål? Vel, eg ser kanskje meir som utvikling enn forandring. Å få barn forandra meg, men var også del av ei utvikling. Å møte kona mi, Lize var også del av ei utvikling men det var nok den mest avgjerande augneblinken i livet mitt. Det var avgjerande for den eg kom til å bli.

– Kva betyr det for deg å møte andre forfattarar?

– Eg liker å snakke om litterære prosjekt, både å fortelje om mine eigne og høyre andre forfattarar fortelje om sine. Eg liker å høyre andre forfattarar snakke om eigne bøker. Det er jo sjeldan dei har lyst å snakke om det dei held på å skrive om. Men eg merkar at når eg er saman med andre forfattarar, snakkar eg på ein annan måte om det som interesserer meg enn det eg gjer med andre menneske. Og det er godt for meg.

– Kva er forfattararens rolle eller funksjon i Noreg i dag? Har du ein slags misjon som forfattar?

– Eg følte slett ikkje at eg hadde nokon rolle eller misjon før eg byrja å skrive om kolonihistoria. Men det følte eg vart enormt forpliktande. Då det demra for meg at dette er noko ingen har høyrt om. Dette er noko ingen trur på, men det er faktisk sanninga om Noreg. På den tida norskdomsfolk som Vinje, Ivar Aasen, Asbjørnsen og Moe dreiv og systematisk skapte ein norsk identitet, så var vi faktisk også slavehandlarar. Og det valde dei bort. Og det føler eg som veldig forpliktande å snakke om – at dette er også vår arv. Vi tente vår første million på slaveri.

– Nemn ein ting du verkeleg ønskjer skal skje?

– Eg skulle verkeleg ønske at Det internasjonale pengefondet la til rette for at dei afrikanske landa, som Nigeria, slapp å selje unna jordeigedommane til bønder som aldri har hatt skøyte på jorda si –for å nærme seg bittelittegrann den velstanden vi har.

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *